fredag 17. juni 2016

S-kullet er 3 veker gamle!



 Hjelpes, tida flyg! Plutseleg har S-gjengen blitt heile tre veker gamle, og det skjer noko nytt for kvar dag som går. Vesle Simsalabim er framleis minst, men han er også den raskaste av heile gjengen. Så når mamma Xelia kjem med matfatet, då er han førstemann på plass, og sistemann til å gje slepp. ;)

I dag var eg så heldig at Vilde kom bort for å hjelpe meg med å ta bilder av småtrolla. Det virkar kanskje ikkje som noko kjempeutfordring å ta bilete av 5 stk valpar i veka, men allereie no har dei byrja å stikke av etter beste evne, så då er det godt å ha eit par ekstra hender! Og Vilde er so flink med småttisane, så det er veldig kjekt når ho kjem og hjelper tanta si litt!

Neste helg skal ho også vere med meg til Hadeland på spesialutstilling for miniatyrhundklubben, saman med Sunniva, Hege og Christine. Me gleder oss veldig alle saman, og eg trur det kjem til å bli ein kjempekjekk tur! Og garantert noko å skrive heim om. I mellomtida får dere berre nyte bilete av småtrolla - neste veke håper eg på utendørsbilder! :D






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar